Giskespelet handlar om tidsbolken rundt 1030, rett før og etter slaget på Stiklestad, der Heilag-Olav fall. Vi møter mektige menn og kvinner frå Giske som i stor grad var involvert i det store slaget, og ser korleis deira tilhøve til kongen splittar den mektige Giske-familien. Skodespelet gir også eit godt inntrykk av korleis garden Giske såg ut for 1000 år sidan.

Giskespelet blir spelt ute i Giske Amfi på gardstunet i Gullik-garden, og ligg berre eit par hundre meter frå vakre Giske kyrkje. Kyrkja blei bygd for Giske-familien rundt 1150, og er i dag Norges vakraste marmorkyrkje.

+ Les meir