I strid og forsoning. Ein nasjon vart fødd. Giskespelet handlar om tidsbolken rundt 1030, rett før og etter slaget på Stiklestad, der Heilag-Olav fall. Vi møter mektige menn og kvinner frå Giske som i stor grad var involvert i det store slaget, og ser korleis deira tilhøve til kongen splittar den mektige Giske-familien.

Neste spel blir 20.-23.06. i 2024.

Jubileumsmynt

Velkomen til friluftsteater i Giske Amfi og historiekveld i Giske kyrkje og velkomen til fantastiske opplevingar!
I 2024 er det 1000 år sidan Kong Olav Haraldson fekk innført kristenretten i alle tingsamlingar i landet. Dette ble også fødselen av det Norge vi kjenner idag. Vi gler oss til årets Giskespel og meir av den spanande Noregshistoria der Arnungane var blant kongens næraste menn. Billettane ligg klar⚔️

BILLETTAR

Giskespeldagane 2024:
20.06. Kl.18.00: premiere
21.06. Kl.18.00: Historiekveld i Giske kyrkje
22.06. Kl.14.00 og 18.00: Giskespelet
23.06. Kl. 14.00: Giskespelet
Etter at "dørene" åpnar på opplista klokkeslett her, går det ein halv time med daglegliv på garden som eit forspel før sjølve forestillinga starter. Berre gle dykk!

Praktisk

Parkering

På Giske desse dagane, går vi alle tusen år tilbake i tid og både bil og flytrafikk vert begrensa. Det blir parkering på Ytterland (Valderøya) og ved Gjerdesanden på Giske (rett over brua). Det går shuttlebuss frå Ytterland og frå rundkøyringa på Giske. Bussen er merka med Giskespelet, er gratis og det er ikkje nødvendig å ha kjøpt billett på førehand. Transporten startar ein time før kvar framsyning og går kontinuerleg fram til start. Det same på retur. Giske Amfi ligg óg berre 200 meter frå ei småbåthamn, der det er høve til av- og påstiging.

Rullestolbruker

Giske Amfi er tilrettelagt for rullestolbrukarar, også med tanke på parkering og toalett. Det blir difor kun parkering for rørslehemma eller andre behov, nær Giske kyrkje.

Kafe

I Gamle Gullik vert det sal av mat og drikke. Dette gamle tømmerhuset stod opphavleg ved Giske kyrkje, men vart flytta i 1870.

Åpne i Google Maps