Striden om kongemakt og kristentru 1000 år attende i tid på historiske Giske. Giskespelet handlar om tidsbolken rundt 1030, rett før og etter slaget på Stiklestad, der Heilag-Olav fall. Vi møter mektige menn og kvinner frå Giske som i stor grad var involvert i det store slaget, og ser korleis deira tilhøve til kongen splittar den mektige Giske-familien.
Dagleg leiar: Marthe S. Nordset
Kontakt: Telefon 936 49 146 E-post: daglegleiar@giskespelet.no
Praktisk
Parkering
I spelhelga er det parkering ved kyrkja. Giske Amfi ligg óg berre 200 meter frå ei småbåthamn, der det er høve til av- og påstiging.
Rullestolbruker
Giske Amfi er tilrettelagt for rullestolbrukarar, også med tanke på parkering og toalett.
Kafe
I Gamle Gullik vert det sal av mat og drikke. Dette gamle tømmerhuset stod opphavleg ved Giske kyrkje, men vart flytta i 1870.