I strid og forsoning. Ein nasjon vart fødd. Giskespelet handlar om tidsbolken rundt 1030, rett før og etter slaget på Stiklestad, der Heilag-Olav fall. Vi møter mektige menn og kvinner frå Giske som i stor grad var involvert i det store slaget, og ser korleis deira tilhøve til kongen splittar den mektige Giske-familien.

Giskespelet blir vist i fire framsyningar. Premiere torsdag 16. juni og vidare laurdag 18. juni og to framsyningar søndag 19. juni. I den første halve timen kan du få med deg førebuingane av folket på garden, der familiar har teke til med bryllaupsførebuingar. Til stemningsfull musikk fyllast tribunene og du får eit innblikk i korleis vikingane levde på Giske.

På den spelfrie dagen, fredag 17. juni, må du ikkje gå glipp av historiekvelden i Giske kyrkje. Her skal spennande føredragshaldarer gå i dybda på kva som var Olavs visjon åra før kristenretten i 1024.

Jubileumsmynt

16.-19. juni 2022

Du kan kjøpe billett på nett eller ved inngangen. Obs. Kun 100 billettar til historiekvelden i kyrkja.
Velkomen til friluftsteater i Giske Amfi og historiekveld i Giske kyrkje og velkomen til fantastiske opplevingar!

BILLETTAR

Praktisk

Parkering

På Giske desse dagane, går vi alle tusen år tilbake i tid og både bil og flytrafikk vert begrensa. Det blir parkering på Ytterland (Valderøya) og ved Gjerdesanden på Giske (rett over brua). Det går shuttlebuss frå Ytterland og frå rundkøyringa på Giske. Bussen er merka med Giskespelet, er gratis og det er ikkje nødvendig å ha kjøpt billett på førehand. Transporten startar ein time før kvar framsyning og går kontinuerleg fram til start. Det same på retur. Giske Amfi ligg óg berre 200 meter frå ei småbåthamn, der det er høve til av- og påstiging.

Rullestolbruker

Giske Amfi er tilrettelagt for rullestolbrukarar, også med tanke på parkering og toalett. Det blir difor kun parkering for rørslehemma eller andre behov, nær Giske kyrkje.

Kafe

I Gamle Gullik vert det sal av mat og drikke. Dette gamle tømmerhuset stod opphavleg ved Giske kyrkje, men vart flytta i 1870.

Åpne i Google Maps