Velkomen til historiske Giske.
Giskespelet 2024 er no historie. Takk til alle frivillege både på og rundt scena, dei profesjonelle, sponsorar, offentlege og ikkje minst, publikum. I lag skapte vi magi! 2024 er eit spesielt år for Norge, i år er det tusen år sidan Olav Haraldsson innførte kristenretten på alle tingsamlingar i landet. I lag med seg hadde han fire brør frå Giske. Dei hadde reist ilag med han rundt i Europa og tatt med seg denne nye trua tilbake. I strid og forsoning, ein nasjon vart fødd og den mektige Giskeætta var i sentrum av styringa av Noreg i fleire hundre år.
Vi ynskjer å fortelle meir av historia, også når det ikkje er spel. Vi har difor utvikla ulike formidlingsopplegg, både på norsk og engelsk, og kan tilby ulike opplevingar på forespurnad for små grupper. Ta kontakt på post@giskespelet.no for meir informasjon.

Jubileumsmynt

Neste Giskespel er i 2026. Fram til då kan vi på førespurnad tilby ulike formidlingspakkar til skular, bedriftar og andre grupper. Pakkane kan innehalde alt frå historiefortelling til tidsrett servering og aktivitetar. Ta kontakt med dagleg leiar på epost: post@giskespelet.no eller mobil 970 36 026 for meir info.

Praktisk

Parkering

All parkering i forbindelse med aktiviteter i Giskespelamfiet er ved Giske kyrkje. Derifrå går ein vel 100 meter vestover mot Giskespelamfiet.

Rullestolbruker

Giske Amfi er tilrettelagt for rullestolbrukarar, også med tanke på parkering og toalett. Det blir difor kun parkering for rørslehemma eller andre behov, nær Giske kyrkje.

Kafe

Åpne i Google Maps