Stiftinga Giskespelet vart stifta på Giske barne– og ungdomsskule av innbyggarane på Giske i 1995. Formålet med stiftinga var å engasjere barn og unge, vaksne og eldre for å gjere vår eiga historie om Arnungane på Giske, levande og kjend.

Giskespelet hadde si første framsyning i 1995. Det starta som eit skuleprosjekt og har vidare utvikla seg gjennom 27 år, etter kvart også med fleire profesjonelle skodespelarar. Om lag 200 aktørar er med i kvart spel, på og utanfor scena.

Arne Tunheim har vore primus motor for Giskespelet heilt i frå starten i 1995.

Lokale og proffer

I Giskespelet har det etter kvart blitt ei god blanding av lokale og profesjonelle skodespelarar. Målet vårt er å løfte ivrige og ambisiøse amatørar gjennom eit fruktbart og lærerikt samarbeid med dyktige profesjonelle skodespelarar. Av profesjonelle aktørar har vi hatt med oss Terje Hartviksen, Anders Baasmo Christiansen, Paul-Ottar Haga, Nicolai Cleve Broch, Ellen Dorrit Petersen, Lars Melsæter Rydjord, Tobias Santelmann, Jan Erik Madsen, Lisa Uhlen, Evy Kasseth Røsten og Rune Sæter. I Giskespelet 2022 har vi med oss Ellen Dorrit Petersen som Ragnhild, Tom Larsen som Torberg og Ole Christoffer (Olec) Ertvaag som Heilag-Olav.

Dugnadsånd

Det er eit stort dugnadsapparat som blir sett i verk for å få gjennomført Giskespelet år etter år, og vi kunne ikkje klart oss utan! Over 200 aktørar er i sving for Giskespelet, på og utanfor scena. Arbeidet startar lenge før sjølve spelet. Her skal det syast kostymar, snikrast rekvisita, vedlikehald og fornying av kulissar, fri til sponsorar, fri til publikum, planlegge og dirigere trafikken, lage mat, selje mat og mykje meir.

Giske Skule

Skulen på Giske har alltid hatt ein stor plass i Giskespelet. Det heile starta som eit skuleprosjekt. Det har samla heile øya. No som Giskespelet står på eigne bein er elevane, og mange av lærarane, framleis sterkt involverte og viktige brikker i historieformidlinga. Med Giskespelet får elevane lokale knaggar å henge kunnskapen på, og det har vore med å skape større interesse for historia. På skulen tar dei for seg handlinga, rollene som er med, viser bilete, lærer dansar, spel og leikar og lagar produkt frå vikingtida. Dei har opparbeidd eit lite bibliotek av vikingbøker etter kvart. Giskespelet har blitt ein del av identiteten til skulen på sagaøya.

Gildehallen

I kulissane i Giske Amfi finn du Gildehallen. Ei lun og koseleg vikingstove på bortimot 60 kvadratmeter. Den er bygd på dugnad. Her har ein studert gamal byggekunst. Ingenting er overlate til tilfeldigheitene. Her er ståande panel på langveggane, liggande på kortveggane, og dei er festa på ein spesiell måte også, alt slik ein har lese seg til. Arbeidet starta så smått i 2004. I 2007 var golvet ferdig. Det spesielle golvet, støypt med steinmønster og med varmekablar nedlagt i det. Her er kraftige langbord med plass til om lag 50 gjester. I 2015 vart arbeidet fullført, og det har gitt oss eit moderne selskapslokale etter gamle, særprega byggjetradisjonar.

Utleige

Vi ønskjer å by på unike opplevingar. I kulissane til Giskespelet har vi atmosfæren som tar deg 1000 år attende i tid. I den vesle stova får du historia tett innpå deg. Dette er valet for dei som vil oppleve noko særeige med opphav i ei sterk, lokal historie. Ta kontakt og vi skreddarsyr etter dine ønsker og det vi kan tilby.