Giskespelet handlar om tidsbolken rundt 1030, rett før og etter slaget på Stiklestad, der Heilag-Olav fall. Vi møter mektige menn og kvinner frå Giske som i stor grad var involvert i det store slaget, og ser korleis deira tilhøve til kongen splittar den mektige Giske-familien. Friluftsteateret gir også eit godt bilete av korleis garden Giske kan ha sett ut for 1000 år sidan.
Tekst: Johannes Heggland
Manus og regi: Eldrid Schrøder Kvalvik
Musikk: Terje Skytterholm, Miki Campins og "Leikaren"av Håvard Sveås med Giske blandakor
Koreografi: Einar Didriksen
Handlinga i Giskespelet er bygd på det Snorre Sturlason fortel i Soga om Olav den Heilage. Torberg Arneson frå Giske og brørne hans var kong Olav Haraldsson sine fremste menn og fylgde han både i inn- og utland i striden for kongsmakt i Noreg. Torberg var gift med Ragnhild, dotter av Erling Skjalgsson frå Sola på Jæren. Erling hadde vore kong Olav Tryggvason sin fremste mann, han var gift med kongen si syster og var framleis den mektigaste hovdingen på Vestlandet.
Det var ikkje sjølvsagt at Erling Skjalgsson som ”småkonge” over Vestlandet ville bøye seg for Olav Haraldsson sitt krav om kongsmakt over heile Noreg. Også Erling sine born ville vere av Hårfagre-ætta og kunne gjere krav på kongsmakt. Ragnhild Erlingsdotter hadde altså vakse opp med kong Olav Tryggvason som onkel, med faren Erling som hovding over Vestlandet, og ho hadde brør, og etter kvart søner, av kongsætt. Snorre fortel ei forunderleg historie om ein dramatisk barnefødsel, som heldt på å koste både Ragnhild og Tora, barnet hennar, livet.
Snorre seier at Ragnhild hadde stridd lenge og hadde gruveleg vondt, då ein islending med fylgje ankrar opp ved Giske. Han har prest med om bord, og presten blir bodsend for å hjelpe den forkomne kvinna. Den unge og urøynde presten vegrar seg, men islendingen, Stein Skafteson som han heitte, tvingar han med seg. Snorre seier at Ragnhild blei forløyst på forunderleg vis straks presten og Stein steig inn i stova. Og kven var det som her vart fødd? Jau, Snorre fortel seinare at Tora, den vesle jenta, blir dronning og mor og stam-mor til den norske kongsætta.
Ragnhild takka Stein Skafteson med å love han hjelp og berging om han nokon gong skulle kome i naud. Og islendingen fekk bruk for hjelp frå ei av dei mektigaste kvinnene i landet, då han fall i unåde hos kong Olav. Han kom i strid med ein av kongen sine årmenn og drap han. For dette drapet lyste kongen han fredlaus i Noreg, og alle som ville kunne drepe han. Dramatikken i Giskespelet startar når Stein Skafteson kjem til Giske og ber Ragnhild om hjelp. Det Ragnhild så gjer, får konsekvensar både for henne, for familien hennar og for soga, konsekvensar ho etter kvart ikkje har styringa over…