GISKESPELET 18.–21. JUNI 2026
Størst av alt er kjærleik

– ein tradisjon som har samla publikum annakvart år sidan 1995.

Oppsummeringsblokk
Denne blokken har ikke noe innhold. Varene du legger til på siden som er koblet til blokken, vises her.

Framsyningar

Premiere: Torsdag 18. juni kl. 18:00
Laurdag 20. juni: kl. 16:00
Søndag 21. juni: kl. 13:00 og 17:00

Billettar i sal på Tikkio.

Scene frå Amfiet, med konge, prest og kor
Ein ung Eystein

Praktisk

Få med deg forspelet som startar oppe på tunet ein halvtime før kvar framsyning.

PARKERING

På Giske desse dagane går vi tusen år tilbake i tid og både bil og flytrafikk vert begrensa.

Parkering på Ytterland (Valderøya) med gratis shuttlebuss til spelplassen. Giske IL har også noko parkering ved Giskebrua (mot avgift).

SHUTTLEBUSS

Det går shuttlebuss frå Ytterland og frå rundkøyringa på Giske til og frå spelplassen.

Bussen er merka med Giskespelet, er gratis og det er ikkje nødvendig å ha kjøpt billett på førehand.

Transporten startar 1,5 time før kvar framsyning og går kontinuerleg fram til start.

RULLESTOLBRUKAR

Giske Amfi er tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Plassane har flott utsikt, men er også litt verutsatt, så ta høgde for det.

Parkeringsplassen ved kyrkja, like ved Giske Amfi,  er reservert for rørslehemma og andre med særskilde behov.

BETALING 

Det blir sal av pølser, kaffi og sveler på tunet. Betaling med vipps, kort eller kontant.

Om du ikkje har kjøpt billett til Giskespelet på førehand, kan du  kjøpe den ved 

Åpne i Google Maps

Om spelet

Då Noreg stod ved eit vegskilje i år 1030 og slaget på Stiklestad endra historia.

I juni blir Giskeøya igjen levandegjord med eit storslått spel om makt, tru og kjærleik. Vi møter den mektige Giske-familien, tett på dramaet rundt Heilag-Olav der lojalitet splittar slekta og formar framtida til Noreg. Historia om Tora Torbergsdotter, som vart dronning og stammor til kongeslekta, står i sentrum i ei gripande forteljing om røter, val og konsekvensar.

Opplev eit levande friluftsteater midt i det historiske landskapet der det ein gong hende.

Tekst: Johannes Heggland
Manus og regi: Rolf Kristian Larsen
Musikk: Terje Skytterholm og Rune Berg med Giske Mannskor

Kart over Giske