Giskespelet handlar om tidsbolken rundt 1030, rett før og etter slaget på Stiklestad, der Heilag-Olav fall. Vi møter mektige menn og kvinner frå Giske som i stor grad var involvert i det store slaget, og ser korleis deira tilhøve til kongen splittar den mektige Giske-familien. Friluftsteateret gir også eit godt bilete av korleis garden Giske kan ha sett ut for 1000 år sidan.

Tekst: Johannes Heggland
Manus og regi: Eldrid Schrøder Kvalvik
Musikk: Terje Skytterholm, Miki Campins og "Leikaren"av Håvard Sveås med Giske blandakor
Koreografi: Einar Didriksen

Handlinga er bygd på det Snorre Sturlason fortel i Soga om Olav den Heilage. Torberg Arneson frå Giske og brørne hans var kong Olav Haraldsson sine fremste menn og fylgde han både i inn- og utland i striden for kongsmakt i Noreg. Torberg var gift med Ragnhild, dotter av Erling Skjalgsson frå Sola på Jæren. Erling hadde vore kong Olav Tryggvason sin fremste mann, han var gift med kongen si syster og var framleis den mektigaste hovdingen på Vestlandet.

Det var ikkje sjølvsagt at Erling Skjalgsson som ”småkonge” over Vestlandet ville bøye seg for Olav Haraldsson sitt krav om kongsmakt over heile Noreg. Også Erling sine born ville vere av Hårfagre-ætta og kunne gjere krav på kongsmakt. Ragnhild Erlingsdotter hadde altså vakse opp med kong Olav Tryggvason som onkel, med faren Erling som hovding over Vestlandet, og ho hadde brør, og etter kvart søner, av kongsætt. Snorre fortel ei forunderleg historie om ein dramatisk barnefødsel, som heldt på å koste både Ragnhild og Tora, barnet hennar, livet.

Snorre seier at Ragnhild hadde stridd lenge og hadde gruveleg vondt, då ein islending med fylgje ankrar opp ved Giske. Han har prest med om bord, og presten blir bodsend for å hjelpe den forkomne kvinna. Den unge og urøynde presten vegrar seg, men islendingen, Stein Skafteson som han heitte, tvingar han med seg. Snorre seier at Ragnhild blei forløyst på forunderleg vis straks presten og Stein steig inn i stova. Og kven var det som her vart fødd? Jau, Snorre fortel seinare at Tora, den vesle jenta, blir dronning og mor og stam-mor til den norske kongsætta.

Ragnhild takka Stein Skafteson med å love han hjelp og berging om han nokon gong skulle kome i naud. Og islendingen fekk bruk for hjelp frå ei av dei mektigaste kvinnene i landet, då han fall i unåde hos kong Olav. Han kom i strid med ein av kongen sine årmenn og drap han. For dette drapet lyste kongen han fredlaus i Noreg, og alle som ville kunne drepe han. Dramatikken i Giskespelet startar når Stein Skafteson kjem til Giske og ber Ragnhild om hjelp. Det Ragnhild så gjer, får konsekvensar både for henne, for familien hennar og for soga, konsekvensar ho etter kvart ikkje har styringa over…

Torberg Arneson

Torberg Arneson var den som tok over garden etter faren. Han var gift med Ragnhild, dotter til Erling Skjalgsson på Sola og Astrid, syster til Olav Trygvasson. Torberg og Ragnhild hadde sønene Eystein og Ågmund, og døtrene Tora og Jorun. Tora vart gift med kong Olav sin bror Harald Hardråde, og vart mor til Olav Kyrre som dei seinare kongane ætta frå. Kongsætta var såleis ei grein av Arnungætta. Soga fortell at Torberg var modig og trufast, men ikkje så snarrådig og full av handlekraft som broren Kalv, og enkelte meinte at kona Ragnhild var den som bestemte også i politiske spørsmål (jf. Snorre, Norges Kongesagaer, kap. 138). Torberg var tru mot kongen, og då Olav Haraldsson måtte flykte frå landet, fylgde Torberg og brørne Finn og Arne med. I halvtanna år var Torberg rømling i Gardarike. I 1030 kom han tilbake til Norge saman med Olav, og kjempa ved kongen si side på Stiklestad. Etter dette vart ikkje Torberg mykje omtala. Torberg hadde eit fredeleg lynne. Han var ikkje hissig og bråsint, og la seg helst ikkje i utrengsmål ut med folk. Han levde i ei krigersk og uroleg tid så han kom nok bort i litt av kvart. Men hans rolege og vislege framferd gjorde at han kunne verte buande på garden sin på Giske og røkte pliktene sine som kongen sin lendmann heile sitt liv.

Kalv Arneson

Når vi møter Kalv Arneson i Snorre si framstilling første gong, var faren Arne allereie lendmann og ven av kong Olav den Heilage. Brørne Finn og Kalv var hos kongen ”i stor ære”. Det var den gong eit godt forhold mellom kongen og Kalv, og difor slo Kalv frampå at han kunne ynskje seg Sigrid på Egge til hustru og alle eigedomane hennar. Ho var syster til den mektige Tore Hund, ho var vakker og eit rikt gifte. Kong Olav hadde tidlegare drepe Olve, mannen hennar, fordi han ikkje ville slutte med bloting. Olve og Sigrid hadde to søner, Tore og Grjotgard. Og Kalv fekk det som han ville. Han vart Sigrid sin husbond, og kong Olav gjorde han til lendmann og hovding i Inn-Trøndelag. Sidan gjekk han ofte under namnet ”Eggja-Kalv”.

Arne Arneson

Arne Arneson er etter det soga fortel den yngste av Arne-sønene, men lenger ned i tida vart det likevel hans etterkomarar som vart eigar av Giske (Bjarne Erlingsson). Arne var trufast tilhengar av kong Olav Haraldsson. Svigerfaren Erling Skjalgsson kom i strid med kongen og døydde i kampen. Likevel var Arne trufast mot kongen og fylgde han også når kongen måtte røme landet. På Stiklestad vart Arne hardt såra. ”Han låg lenge av såra sine, men vart frisk og meinlaus att, og om vinteren for han sør til garden sin” (Snorre, Norges Kongesagaer, kap. 242). Uttrykket sør til garden sin kan tyde på at Arne budde ein stad på Møre eller i Romsdal, meir enn dette veit vi ikkje sikkert.

Finn Arneson

Finn Arneson eigde storgarden Austråt i Ut-Trøndelag og budde der. Han var gift med Berljot Halvdansdotter (ho var brordotter til Olav Haraldsson og Harald Hardråde). Dei hadde døtrene Ingebjørg og Sigrid, og frå desse døtrene ættar mange kongar og jarlar t.d. Erling Skakke og sonen kong Magnus, og kong Magnus Lagabøter. Ved sida av Kalv og Torberg er Finn den mest kjende av Giske-brørne. Finn var ikkje av den sløge typen, som Kalv. Han var trufast, stridlyndt, hissig og korttenkt. Som ung var han hirdmann hos Olav Haraldson, og då stadig fleire norske hovdingar i løynd slo seg i lag med Knut den mektige, som var Olav sin fiende, vart Finn utsend for å overtale eller true dei til lydnad mot Olav (Snorre, Norges Kongesagaer, kap. 139).